Jonghhua-demninga i Taiwan er ei typisk magasindemning som skaper eit kunstig reservoar for utnytting i eit lågareliggjande kraftverk.Òg store elvar kan magasinerast. Her Grand Coulee-demninga i Columbia-elva, Washington state.
Magasinkraftverk er eit kraftverk som nyttar ståande vassreservar til kraftproduksjon, og der vassføringa direkte vert regulert ved hjelp av eit vassmagasin i tilslutning til kraftstasjonen. Større magasinkraftverk har normalt stor fallhøgd, og ofte er magasinet (eventuelt med ei demning) og kraftstasjonen skilde frå kvarandre. Slike kraftverk vert òg kalla høgtrykkskraftverk. Dette er eit alternativ til elvekraftverk som direkte utnyttar den kontinuerlege strøyminga gjennom ei elv, dei vert kalla lågtrykkskraftverk.
Norske høgtrykkskraftverk nyttar Francisturbiner for fallhøgder mellom 30 og 600 m og Peltonturbiner for fallhøgder større enn 600 m.
Magasinkraftverk kan vera ulike typar:
Demningar som demmer opp vassmagasin kunstig, og der kraftstasjonen står i samband med magasinet anten direkte eller via lenger røyrgater eller underjordiske tunnelar. Kraftstasjonen kan vera under- eller overjordisk, og må ikkje vera bygd i tilknyting til magasinet. Kraftstasjonen kan eventuelt få vatn frå fleire magasin og inntak. Dette vert kalla takrenneprosjekt. Ulla-Førre-anlegget har 39 bekkeinntak som samlar opp vatnet frå mange større og mindre elvar og bekker.
Naturlege vassmagasin kan tappast vertikalt til ein lågareliggjande kraftstasjon gjennom røyrgater eller tunnelar, utan bruk av demning. Som døme kan øvre reservoar vera ein naturleg innsjø eller ei elv, og vatnet vert sleppt ut i eit naturleg nedre reservoar.
Pumpekraftverk som kan returnera vatn til vassmagasinet for seinare bruk, til dømes i tider med kraftoverskot for magasinering til bruk i tider med kraftunderskot. Pumpekraftverk kan ha oppdemde eller naturlege øvre og nedre reservoar.