Magdalena Forsberg

Magdalena Forsberg


Statsborgarskap Sverige
Fødd 25. juli 1967 (57 år)
Kramfors
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i langrenn under Vinter-OL 1992, Skiskyting under Vinter-OL 1998, biathlon at the 2002 Winter Olympics – women's individual, Skiskyting ved Vinter-OL 2002 - sprint for kvinner, Ski-VM 1989
Magdalena Forsberg i 2006

Magdalena Forsberg (fødd 25. juli 1967), opphavleg Magdalena Wallin, er ein svensk tidlegare langrennar og skiskyttar frå Ullånger i Kramfors kommun i Västernorrlands län. Perioden 1997-2002 var ho den dominerande kvinnelege skiskyttaren i verda. Ho vann då verdscupen i skiskyting samtlege seks år på rad og tok seks VM-gull i skiskyting. I alt vann ho 12 medaljar (6-1-5) i skiskytings-VM og to OL-bronsar i same perioden. Som langrennar fekk ho ein stafettmedalje i VM 1987.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne