Magi er trua på at fastsette ritual i form av handlingar og/eller ord kan tvinge fram eit ynskt eller planlagt resultat. Ritualet kan gå ut på å herme den verknaden ein vil oppnå (imitativ eller homeopatisk magi) ved til dømes å stikke ein dolk i ei dokke for å ramme ein fiende, å gjennomføre ein pantomimisk jaktdans for å tryggje jakta, imitere regn ved å helle ut vatn på rituelt vis for å berge avlinga. Eller ritualet kan basere seg på trua om at ting som har vore i kontakt med kvarandre, alltid har eit så sterkt samband med kvarandre at det som skjer med den eine, har tilsvarande verknad for den andre (kontagiøs magi), til dømes slik at den som har fått negler eller hår frå ein person, har sjølve personen i sitt vald og kan gjere kva som helst med vedkomande på grunnlag av dette materialet, utan omsyn til fråstanden.[1]