Magick Brother Studioalbum av Gong | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1970 | |
Innspelt | September og oktober 1969 | |
Studio | Studio ETA og Studio Europa Sonor i Paris | |
Sjanger | Psykedelisk rock, psykedelisk pop[1] | |
Lengd | 43:52 | |
Selskap | BYG Actuel | |
Produsent | Jean Georgakarakos, Jean-Luc Young | |
Gong-kronologi | ||
---|---|---|
Magick Brother | Camembert Electrique (1971)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Magick Brother er debutalbumet til den progressive rockegruppa Gong, spelt inn i Paris i september og oktober 1969 og gjeve ut i mars 1970 på det franske selskapet BYG Actuel.
Bandet hadde nyleg fått inn bassisten Christian Tritsch, men han kom ikkje inn i tide til å spele på albumet, så songaren, låtskrivaren og gitaristen Daevid Allen spelte bassgitar sjølv. Eit bilete av Allen som spelar bass for albumet er på plateomslaget. Dei nytta seg òg av jazzkontrabassisten Earl Freeman og Barre Phillips, som spelte inn musikk for selskapet på same tid, på tre spor.[2] Dieter Gewissler, som stundom spelte med Gong på denne tida og som normalt spelte fiolin, bidrog òg med noko «fri» kontrabass med boge på to spor. Plateomslaget vart trykt før den endelege rekkjefølgja på songane og titlane deira vart avgjort, så songane «Rational Anthem» (òg kjend som «Change the World») og «Glad To Sad To Say» vart oppførte feil.[3]
Kort tid etter albumet kom ut, heldt bandet den første konserten sin på BYG Actuel-festivalen i den vesle byen Amougies i Belgia den 27. oktober 1969, introdusert på scenen av Frank Zappa.[4]