Makaronisk dikting

«In dulce jubilo», kjend på norsk som «Eg synger jolekvad», er eit makaronisk dikt.

Makaronisk dikting er ei form for poesi som blandar to språk, til dømes latin og eit folkespråk. Teknikken kan brukast for å oppnå ein komisk eller parodisk verknad, men finst også i alvorlege verk som hymner. Makaronisk dikting kan bruka latinske ord eller endingar sett saman med det andre språket. Språkblandinga kan ha som mål å skapa humor eller brukast som eit lyrisk verkemiddel.

Makaronisk dikting har utgangspunkt i mellomalderpreiker på latin og lokale talespråk. Fleire dikt frå mellomalderen er makaroniske, til dømes dikt i Carmina Burana-samlinga og salmen «In dulce jubilo», som er blitt kjend som julesongen «Eg synger jolekvad».

Den humoristiske sjangeren byrja i Italia på slutten av 1400-talet med diktet Macaronea (Carmen maccaronicum) av Tifo Odasi, truleg namngjeve etter bondekosten med pasta eller makaroni. Den mest berømte av etterfølgjarane hans i Italia er Teofilo Folengo. I England finn vi John Skelton, i Skottland William Drummond og i Tyskland loppeheltediktet Die Flohiade ('Flohiaden'). Rabelais og Molière har òg nytta metoden.

Nyare dikting som er blitt kalla makaronisk er dikt som inneheld fleire linjer på framande språk, som The Waste Land av T.S. Eliot eller Cantos av Ezra Pound.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne