Malangen kommune

For fjorden med same namn, sjå Malangsfjorden.
Malangen kommune
stad
Land  Noreg
Kart
Malangen kommune
69°21′08″N 18°50′51″E / 69.352222222222°N 18.8475°E / 69.352222222222; 18.8475

Malangen er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Troms fylke. Opphavleg var Malangen del av Balsfjord formannskapsdistrikt. 1. januar 1871 blei han skild ut som eigen kommune med 1 425 innbyggjarar.[1] Samstundes blei ein del av Lenvik med 70 innbyggjarar overført til Malangen.[1]

Malangsfjorden og Klemmartindan
Malangen kyrkjeMortenhals

1. januar 1873 blei ein del av Malangen med 287 innbyggjarar overført til Tromsøysund.[1] I 1891 blei nokre parsellar på Målsnes i Malangen med 30 innbyggjarar overført til Målselv.[1]

1. januar 1964 blei det meste av Malangen og Balsfjord slått saman til ein kommune som fekk namnet Balsfjord. Malangen hadde ved samanslåinga 1 940 innbyggjarar.[1] Naveren og Målsnes i Malangen med 118 innbyggjarar gjekk inn i Målselv kommune. Garden Skogli ved Heia i Balsfjord med 2 innbyggjarar gjekk òg inn i Målselv.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Juvkam

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne