Mandeltre | |
![]() Mandeltre | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Amygdaloideae |
Stamme: | Amygdaleae |
Slekt: | Kirsebærslekta Prunus |
Art: | Mandeltre P. amygdalus |
Vitskapleg namn | |
Prunus amygdalus |
Mandel er frukta av mandeltreet (Prunus amygdalus) i rosefamilien. Mandel er eigentleg ei steinfrukt, men blir gjerne rekna som ei nøtt. Mandlar er ein viktig ingrediens i fleire typar mat, som marsipan, bakverk som kransekake og omforma til mandelmjølk og mandelolje. Sistnemnde har fleire bruksområde.
Mandeltreet stammar opphavleg frå Sentral-Asia, men veks no både dyrka og forvilla i dei fleste middelhavslanda.
Det har enkle blomar som typisk kjem før blada og er kvite eller rosa (søtmandel). Fruktkjøtet er seigt og lêraktig, lòdent og med ein gul stein som inneheld éin eller to mandlar (sistnmende er kjend som «filipine»). I Sør-Europa gjev eit tre ca. 25 kg frukt om året. Viltveksande tre (P. amygdalus var. amara) kan ha frø som smakar bittert, bittermandel. Dette kan brukast til å laga bittermandelvatn.