Manfred Mann | |||
Manfred Mann, 1966. | |||
Alias | Mann-Hugg Blues Brothers | ||
---|---|---|---|
Opphav | London | ||
Aktiv | 1962–1969 | ||
Sjanger | Beat, rhythm and blues, psykedelisk pop | ||
Tilknytte artistar | Manfred Mann Chapter Three, Manfred Mann's Earth Band, The Blues Band, The Manfreds, McGuinness Flint | ||
Plateselskap | HMV, EMI, Capitol, Ascot (USA), Fontana, Mercury (USA) | ||
Tidlegare medlemmer | Manfred Mann Mike Hugg Mike Vickers Dave Richmond Paul Jones Mike d'Abo Klaus Voormann Jack Bruce Tom McGuinness |
Manfred Mann var eit engelsk rockeband frå 1960-åra, kalla opp etter klaverspelaren Manfred Mann, som seinare leia den suksessrike gruppa Manfred Mann's Earth Band i 1970-åra.[1] Gruppa hadde to forskjellige solovokalistar gjennom suksessperioden sin, Paul Jones frå 1962 til 1966, og Mike d'Abo frå 1966 til 1969.
Manfred Mann var ofte på hitlistene i 1960-åra. Tre av dei mest suksessrike singlane deira, «Do Wah Diddy Diddy», «Pretty Flamingo» og «Mighty Quinn», toppa UK Singles Chart.[2] Dei var den første sør-engelske gruppa som toppa den amerikanske Billboard Hot 100-lista under den britiske bølgja.[2]