Mannheim | |
---|---|
Flyfoto av Mannheim | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Karlsruhe Kreisfri by |
Først nemnd i | 766 |
Ordførar | Peter Kurz (SPD) |
Geografi | |
Flatevidd - By |
144,96 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
294 627 2 032/km² |
Koordinatar | 49°29′0″N 8°28′0″E / 49.48333°N 8.46667°E |
Høgd over havet | 97 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 68159–68309 |
Telefon-retningsnummer | 0621 |
Bilnummer | MA |
Heimeside: www.mannheim.de |
Mannheim er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg. Han har 295 000 innbyggjarar og er den tredje største byen i delstaten etter hovudstaden Stuttgart og Karlsruhe.
Mannheim ligg der elvane Rhinen og Neckar renn i saman, i det nordvestlege hjørnet av Baden-Württemberg. På andre sida av Rhinen ligg byen Ludwigshafen i Rheinland-Pfalz. Grensa til Hessen går nord for byen. Mannheim er den største byen i Rhinen-Neckar-området, eit storbyområde med 2,4 millionar menneske.
Mannheim er ein unik tysk by fordi sentrumsområdet er bygd som eit rutenett, som mange nordamerikanske byar. Hovudvegen gjennom rutenettet går fram til ein enorm plass frå 1700-talet. Det tidlegare setet til kurfyrstane av Pfalz husar i dag Universitetet i Mannheim.
Mannheim sitt bysymbol er Wasserturm (vasstårn), som ligg aust i sentrum av byen.