Marcus Paus | |||
Fødd | 14. oktober 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1993– | ||
Verka som | komponist | ||
Mor | Anne-Karine Strøm | ||
Far | Ole Paus | ||
Gift med | Hilde Lindset, Tirill Mohn |
Marcus Nicolay Paus (fødd 14. oktober 1979) er ein norsk komponist. Paus er ein av dei mest bestilte og framførte nolevande norske komponistane.[1] Han har markert seg som representant for ein nyorientering mot tradisjon, tonalitet og melodikk, og verka hans har høsta strålande mottaking frå presse og publikum over store deler av verda.[2][3][4]
Paus har studert komposisjon ved Noregs musikkhøgskole (1998–2002) og ved Manhattan School of Music (2003–2005). Verklista hans omfattar kammermusikk, korverk, soloverk, konsertar, orkesterverk, operaer og ein symfoni, og dessutan verk for teater, film og fjernsyn. Paus er òg kjend for samarbeidet sitt med biletkunstnaren Christopher Rådlund, og har gjennom han vorte assosiert med kunstretninga retrogardisme. Han har òg vore kunstnerisk leiar for Oslo Operafestival.
Han er son av visesongaren Ole Paus og songarinna Anne-Karine Strøm.