Maria II | |||
| |||
Dronning av England, Skottland og Irland | |||
Regjeringstid | 13. februar 1689–28. desember 1694 | ||
---|---|---|---|
Kroning | 11. april 1689 | ||
Fødd | 30. april 1662 | ||
Fødestad | St. James's Palace i London | ||
Død | 28. desember 1694 (32 år) | ||
Dødsstad | Kensington Palace i London | ||
Gravstad | Westminster Abbey i London | ||
Føregangar | Jakob II & VII | ||
Etterfølgjar | Vilhelm III & II | ||
Gift med | Vilhelm III & II | ||
Dynasti | Huset Stuart | ||
Far | Jakob II & VII | ||
Mor | Lady Anne Hyde | ||
Born | child1 Stuart, child2 Stuart, child3 Stuart |
Maria II (30. april 1662–28. desember 1694) var dronning av England, Skottland og Irland og medregent i lag med ektemannen og syskenbarnet sitt, Vilhelm III og II, frå 1689 og fram til ho døydde.
Vilhelm og Maria, som begge var protestantar, vart konge og dronning etter den ærerike revolusjonen, der den katolske far hennar, Jakob II og VII vart avsett. Vilhelm vart regent aleine då Maria døydde i 1694.
Den felles regjeringstida deira blir ofte referert til som «Vilhelm og Maria-tida». Sjølv om ho var regjerande dronning, og ikkje berre gemalinne, var det i realiteten Vilhelm som fungerte som monark det meste av tida. Unnataket er dei periodane der han var involvert i krigføring utanfor riket.