Marianne Heske | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. februar 1946 (78 år) Ålesund kommune |
Yrke | kunstnar, conceptual artist, videokunstner |
Språk | norsk, engelsk, fransk |
Nettstad | https://www.marianneheske.no/ |
Marianne Heske på Commons |
Marianne Heske (fødd 21. februar 1946) er ein norsk kunstnar frå Ålesund. Heske er kjend for å ha utvikla installasjonar innan videokunst og samtidskunst. Ho var tidleg ute til å nytta videofilm innan kunst.
Store delar av oppveksten budde Heske mykje i Tafjord der faren var direktør ved kraftverket,[1] og derifrå har ho henta inspirasjon til mange av kunstverka. Med Installasjonen Ras frå 1993 tok ho utgangspunkt i Tafjord-ulukka. Kunstverket er eit videomåleri på sandblåste aluminiumsplater og 1001 dokkehovud av krystall. I Prosjekt Gjerdeløa frå 1980 flytta ho ei lita treløe frå Tafjord til Georges Pompidou-senteret i Paris, og stilte ut løa som eit kunstverk.
På verdsutstillinga i Hannover i 2000 var Noreg representert med ein installasjon av Marianne Heske. Ein stilisert kopi av Steinsdalsfossen var ein viktig del. Denne «fossen» var 15 meter høg.
Heske vart statsstipendiat frå 2004.