Maribor | |||
Marburg an der Drau | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 41 km² | ||
Folketal | 96 211 (1. januar 2020)[1] | ||
Postnummer | 2000 | ||
Retningsnummer | 02 | ||
![]() Maribor 46°33′00″N 15°38′00″E / 46.55°N 15.633333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Maribor |
Maribor (tysk Marburg an der Drau) er den nest største byen i Slovenia. Han har om lag 116 464 innbyggjarar i sjølve byen og 168 000 innbyggjarar i storbyområdet. Maribor ligg ved elva Drava, der fjellet Pohorje, Dravadalen, Dravasletta og åsane Kozjak og Slovenske Gorice møter kvarandre. Han er senteret i den slovenske regionen Nedre Steiermark og den største byen her. Maribor lufthamn er den nest største internasjonale flyplassen i Slovenia. Den næraste byen er Graz (Gradec) i Austerrike, som ligg om lag 60 km unna.