Mark Rutherford

Mark Rutherford

FødenamnMark Joseph Rutherford
AliasDarkus
Markus Darkus
Markus Rutherford
OpphavLondon, Storbritannia
SjangerKlassisk orkestermusikk, elektronisk, drum and bass, eksperimentell, verdsmusikk
InstrumentKlassisk gitar, gitar, piano, klaverinstrument, bassgitar, trommer, perkusjon, programmering
Tilknytte artistarMetalheadz, Rufige Kru, Jam Nation, Khao, Mekon
PlateselskapVirgin, EMI, Universal, MCA, Warner Bros. Records, Sony, BMG, Polygram
Verka somKomponist, produsent, arrangør, musikar

Mark Joseph Rutherford er ein engelsk musikar, komponist og produsent, som har arbeidd med album, videospel, fjernsynsprogram, reklame og filmar.

Rutherford var gitarist og låtskrivar i Jimmy The Hoover, eit band styrt av Malcolm McLaren.[1] Han turnerte med band som Siouxsie and the Banshees og Bow Wow Wow. Rutherford har òg arbeidd med artistar som David Gilmour, Boy George, Bonnie Tyler, Labi Sifri, Barrington Levy og Lemmy

I lag med William Orbit deltok han på mange remiksar av Peter Gabriel, The Christians, Psychic TV og Yothu Yindi, og produserte eller var medlåtskrivar i lag med Orbit på prosjekt med Bassomatic, Strange Cargo og Beth Orton.[2] Rutherford samarbeidde òg med Goldie under namnet Rufige Kru og Metalheads.

Andre artistar Orbit har samarbeidd med er Mike Oldfield og Einstürzende Neubauten.

Rutherford byrja i 2010 å skrive musikk for videospel, og det første var Aliens vs. Predator.[3] Andre spel han skreiv musikk for var Batman: Arkham Origins, Assassin's Creed Chronicles, Dirty Bomb og Sniper Elite

  1. «Jimmy the Hoover – Do You Remember?». doyouremember.co.uk. Henta 2. april 2018. 
  2. «Mark Rutherford». discogs. Henta 4. juli 2020. 
  3. Turner, Ken (16. februar 2010), Aliens vs. Predator 3, Lance Henriksen, William Hope, Laila Pyne, henta 4. juli 2020 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne