Marktrykket er trykket ein gjenstand utøver mot marka.[1] Marktrykk er ei kraft (med eining N) dividert med arealet (med eining m²) krafta verkar over, så det får eining Pa (N/m²). Omgrepet vert ofte nytta i samband med køyretøy og må ikkje forvekslast med aksellast, som er ein masse med eining kg.
Om ein kjenner aksellasta og arealet til anleggsflata mellom dekka og marka kan ein finna marktrykket som
der er aksellasta (i kg), er tyngdeakselerasjonen (i m/s) og er samla areal (i m²) til anleggsflatene mellom alle dekka på akselen og marka. På liknande vis kan ein finna marktrykket til eit beltekøyretøy ved å dividera massen på beltearealet (under føresetnad om at massen er jamnt fordelt).