Marskland er ei slags myr i det litorale området mellom land og salt- eller brakkvatn, område som vert tørrlagt når det er fjøre sjø. Området er dominert av saltplanter. Historisk har marskland vorte rekna som «audeland», i lag med andre våtmarksområde. Marskland er nokre av dei mest biologisk produktive leveområda på jorda, nesten på nivå med tropiske regnskogar. Det daglege tidvatnet fører med seg næringsstoff, som legg seg til rundt røtene til plantene i marsklandet. Den naturlege kjemiske aktiviteten til saltvatn (eller brakkvatn) og tendensen algene har til å bløme opp i det grunne, uskjerma vatnet, fører òg med seg stort biologisk mangfald.
Marskland har vist seg nyttig som vern mot uvêr. Tidlegare vart store marsklandsområde tørrlagte og nytta til jordbruk og urban utvikling, men i USA og Europa vert desse områda i dag verna. Stadig fleire marsklandsområde vert gjenoppretta slik dei ein gong var.