Holden er eit krater i Noachis Terra i dei sørlege høglanda på Mars. Det har ein diameter på 140 kilometer og utkastet frå det dekkjer delar av Eberswalde-krateret like ved.
Holden har fleire strukturar som kan vera spor etter tidlegare flytande vatn. Uzboi-dalen går inn i krateret.