Masters of Rock Samlealbum av Pink Floyd | ||
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | 1967-1968 | |
Sjanger | Psykedelisk rock | |
Lengd | 29:49 | |
Selskap | EMI | |
Produsent | Pink Floyd, Norman Smith, Joe Boyd | |
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
The Dark Side of the Moon (1973) | Masters of Rock | Wish You Were Here (1975)
|
Masters of Rock er eit samlealbum av Pink Floyd sin tidlege musikk, og inneheld stort sett singlar frå 1967 og 1968. Som ei billeg EMI-samling vart den først gjeve ut i Nederland i 1970 (og seinare i Ungarn) som The Best of Pink Floyd. Den vart gjeve ut på ny med nytt plateomslag i fleire europeiske land i 1974 som Masters of Rock for å utnytte suksessen til The Dark Side of the Moon frå 1973. Det vart brukt to forskjellige plateomslag, der det eine var eit bilete frå innsida av omslaget til Meddle, der eit bilete av Syd Barrett var limt over hovudet til det originale bilete av David Gilmour, som ikkje var med på singlane. Albumet vart merka «Volume 1», men til i dag så har det ikkje vert gjeve ut nokre fleire plater i denne serien.
Plata er kjend for å ha dei einaste offisielle stereoutgåvene av tidlege singlar frå Syd Barrett-perioden som «Apples and Oranges». «It Would Be So Nice» er ei anna av desse singlane, men denne dukka seinare opp i samlinga The Early Singles som del av boksen Shine On.
Masters of Rock er forlengst utgått frå plateselskapet.