Matn distrikt

Matn distrikt
قضاء المتن
distrikt
Metnåsane oppom Beirut
Land  Libanon
guvernement Libanonfjella guvernement
Administrasjonsstad Jdeideh
Koordinatar 33°53′48″N 35°34′40″E / 33.8967°N 35.5778°E / 33.8967; 35.5778
Areal 265 km²
Folketal 750 000
Tidssone EST (UTC+2)
Kart
Matn distrikt
33°53′48″N 35°34′40″E / 33.8967°N 35.5778°E / 33.8967; 35.5778
Plassering i Libanon
Plassering i Libanon
Plassering i Libanon
Wikimedia Commons: Matn District
Bteghrine
Rabieh
Kystvegen ved Dbayeh

Matn (arabisk قضاء المتن, Qaḍāʾ al-Matn), stundom skrive Metn, er eit distrikt (qadaa) i Libanonfjella guvernement i Libanon, aust for hovudstaden Beirut. Administrasjonssenteret er Jdeideh.

Matn er eit av dei mest populære områda i Libanon med vakker natur og utsyn over Middelhavet. Folkesetnaden i Matn er nesten utelukkande kristen, med somme drusarar og sjia-muslimar i regionen.

Matn distrikt vert ofte òg kalla Nord-Matn distrikt (arabisk قضاء المتن الشمالي, Qaḍāʾ al-Matn aš-Šimālī) og må ikkje forvekslast med Sør-Matn (arabisk المتن الجنوبي, al-Matn al-Janūbī) som er ein del av Baabda distrikt og Øvre Matn (arabisk المتن الأعلى, al-Matn al-ʾAʿlā) som er ein del av Aaley distrikt.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne