BWV 244 Pasjonsmusikk av Johann Sebastian Bach | |||
![]() | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1727 | ||
Urframføring | 11. april 1727 11. april 1727 | ||
Publiseringsdato | 1830 | ||
Typisk lengd | 159:24 | ||
Satsar/akter | 68 | ||
Tekst av | Evangeliet etter Matteus, kap. 26 og 27 |
Matteuspasjonen, BWV 244, (tysk Matthäus-Passion), er eit musikkverk komponert av Johann Sebastian Bach i 1727 for songsolistar, dobbelt kor og dobbelt orkester, med libretto av Picander (Christian Friedrich Henrici). Her er teksten frå kapittel 26 og 27 Evangeliet etter Matteus sett til musikk, med koralar og ariar i mellom. Det vert rekna for eit av meisterverka innan klassisk kyrkjemusikk. Den originale latinske tittelen Passio Domini Nostri J.C. Secundum Evangelistam Matthaeum, tyder «Lidinga til vår herre J.C. etter evangelisten Matteus».
Berre to av dei fire (eller fem) pasjonane Bach skreiv finst i dag, den andre er Johannespasjonen. Matteuspasjonen vart truleg spelt første gong langfredag (11. april) 1727[1] i Thomaskirche i Leipzig, der Bach var kapellmeister. Han reviderte verket i 1736 og framført det igjen 30. mars 1736, denne gongen med to orgel.
Matteuspasjonen vart ikkje framført utanfor Leipzig før 1829, då Felix Mendelssohn framførte ei forkorta og endra utgåve i Berlin til særs god kritikk. Då Mendelssohn tok opp Matteuspasjonen førte dette til at musikken til Bach, særleg dei store verka, igjen vart lagt merke til.