Maybe Tomorrow av The Iveys

Maybe Tomorrow
Studioalbum av The Iveys
Språk engelsk
Utgjeve 4. juli 1969
Innspelt 1968-69
Studio
Sjanger Psykedelisk pop
Lengd 45:14
Selskap Apple
Produsent
The Iveys-kronologi 
Maybe Tomorrow Magic Christian Music
(1970)
Singlar frå Maybe Tomorrow
  1. «Maybe Tomorrow»
    Utgjeve: 15. november 1968
  2. «Dear Angie»
    Utgjeve: 18. juli 1969
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars [1]

Maybe Tomorrow var det einaste albumet Badfinger gav ut under namnet The Iveys. Det kom ut i 1969 på Apple i Japan, Vest-Tyskland og Italia. Sjølv om albumet var meint å kome ut verda over, vart utgjevinga i Storbritannia og USA forseinka utan forklaring. Det har vore mange teoriar, men den vanlegaste forklaringa er at Allen Klein, den nye direktøren for plateselskapet, stoppa alle utgjevingar på Apple som ikkje var av The Beatles for å gå gennom den rotete økonomien til selskapet.

Mange av songane på albumet kom sidan ut på Badfinger-albumet Magic Christian Music.

  1. http://www.allmusic.com/album/r73617

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne