McMurdo Sound | |||
sund | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 77°30′S 165°00′E / 77.500°S 165.000°E | ||
Lengd | 55 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
McMurdo Sound 77°30′S 165°00′E / 77.5°S 165°E | |||
Wikimedia Commons: McMurdo Sound |
McMurdo Sound er eit isdekt sund i Antarktis som er 55 km langt og breitt. Det knyter Rosshavet i nord til holet i Rossisen i sør via Haskell Strait.
Sundet er stort sett dekt av McMurdo isbrem. Royal Society Range stig opp frå kysten av sundet til 4 205 moh. på vestsida. Ross Island, eit historisk utgangspunkt for mange polekspedisjonar, ligg på austsida av sundet. Den aktive vulkanen Mount Erebus på 3 794 moh. dominerer Ross Island. Den største forskingabasen i Antarktis, den amerikanske McMurdo-basen, og den newzealandske Scott-basen ligg på sørsida av øya. Mindre enn 10 % av kysten av McMurdo Sound er isfri.[1]
Kaptein James Clark Ross oppdaga dette sundet, som ligg kring 1300 km frå Sørpolen i februar 1841, og kalla det opp etter løytnant Archibald McMurdo på HMS «Terror».[2] Sundet er i dag ein del av forsyningsruta for fraktefartøy og fly som landar på den flytande isen nær McMurdo-basen. McMurdo-basen har vore kontinuerleg busett sidan 1957-58 og dette har ført til stor forureining ved forureining ved Winter Quarters Bay.
Pakkisen som ligg kring kysten ved Winter Quarters Bay og andre stader i sundet er ei stor hindring for skipsfarten til stasjonane. Fartøya må derfor ha isforsterka skrog og må ofte eksorterast av kraftige isbrytarar. Dei ekstreme tilhøva gjer at det berre er eit fåtal turistar som kjem hit, medan det er langt fleire i dei meir opne farvatna kring Den antarktiske halvøya. Dei få turistane som kjem til McMurdo Sound kjem hit for den flotte naturen og det rike dyrelivet med spekkhoggarar, selar, adeliepingvinar og keisarpingvinar.
Dei kalde havstraumane i Sørishavet hindrar varmt vatn frå Stillehavet og Sør-Atlanteren å nå McMurdo Sound og andre kystfarvatn kring Antarktis. Ein bitande katabatisk vind kjem ned frå isplatået på Antarktis og mot McMurdo Sound, som er ein av dei kaldaste og mest vindfulle stadane i verda. McMurdo Sound frys til med havis, som vert over tre meter tjukk i løpet av vinteren. Om sommaren bryt pakkisen opp. Vind og straumar kan føre isen nordover i Rosshavet og få dei kalde botnstraumane til å renne over i havbassenga i verdshava. Temperaturane i løpet av dei mørke vintermånadane ved McMurdo-basen har vore så låge som -51 °C. I desember og januar, som er dei varmaste månadane, er middeltemperaturen -1 ºC.