Megalitt er i arkeologisk og kulturhistorisk språkbruk ei fellesnemning for forhistoriske monument og byggverk av ulike slag, kjenneteikna av at det er nytta sers stor stein som ikkje er tilhoggen eller berre grovt tilhoggen. Ordet megalitt skriv seg frå gresk μέγας mégas «stor» og λίθος líthos «stein», og tydar såleis «stor stein», kampestein, altså ein stor naturleg stein. Megalittar finst i Georgia, Tyrkia, Syria, Palestina, India, Vietnam, Korea, Nord-Afrika, Sør-Amerika, på Madagaskar og i Europa, utan at det har vore noko samband eller annan påverknad mellom alle desse stadane.