Mekka arabisk مكة | |||
Bakkah | |||
by | |||
Kallenamn: Al-Mukarramah (مكة المكرمة, 'Den heilage byen Mekka') Umm al-Qurā (أم القرى, 'Mor til alle busetnader') | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Mekka-regionen | ||
Høgd | 277 moh. | ||
Koordinatar | 21°25′N 39°49′E / 21.417°N 39.817°E | ||
Areal | 760 km² [1] | ||
Folketal | 1 675 368 (2010)[2] | ||
Folketettleik | 2 204 / km² | ||
Borgarmeister | Osama al-Bar | ||
Provinsguvernør | Mishaal bin Abdullah Al Saud | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
• Sommartid | AST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | (+966) 12 | ||
![]() Mekka 21°25′21″N 39°49′34″E / 21.4225°N 39.826111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Mecca | |||
Nettstad: www.holymakkah.gov.sa |
Mekka er ein by i Hejaz i Saudi-Arabia.[3] Han er hovudstaden i Mekka-regionen og ligg 70 km inn i landet frå Jidda i ein smal dal, kring 277 meter over havet. I 2012 hadde byen kring to millionar innbyggjarar, men under hajj, den muslimske pilegrimsreisa til Mekka, vert dette talet meir enn tredobla.
Byen er den heilagaste staden i islam.[4] Det var her Muhammed vart fødd og seinare stod fram som Guds sendebod.[5][6] Å vitja byen er ein viktig del av religionen og under hajj kjem millionar av pilegrimar til Mekka. I Mekka ligg Kaba, heilagdomen som hyser den svarte steinen, på den opne plassen inni moskéen Al-haram, og muslimar vender seg mot Mekka og Kaba i bøn.
Mekka vart lenge styrt av etterkomarane til Muhammed, sharifane, som anten fungerte som sjølvstendige herskarar, eller som vasallar til større makter. Byen vart erobra av Ibn Saud i 1925. I moderne tid har Mekka gjennomgått ei enorm utviding, med bygg som hotellet Abraj Al Bait, den tredje høgaste bygningen i verda og den bygningen i verda med størst golvareal. Under utvidinga har Mekka mist somme av dei historiske byggverka og arkeologiske stadene, som Ajyad-festninga.[7] I dag vitjar meir enn 15 millionar muslimar Mekka i året, mellom anna sju millionar dei få dagane hajj varer.[8] Mekka har slik vorte ein av dei mest kosmopolitiske og mangfaldige byane i den muslimske verda,[9] trass i at ikkje-muslimar er utestengde frå byen.[10]