Melodifestivalen 2016

Melodifestivalen 2016 var den 56. gongen Melodifestivalen vart arrangert. 27, opphavleg 28, bidrag deltok i fire semifinalar. To frå kvar semifinale gjekk direkte til finalen, medan to gjekk til andresjansen. Fire av bidraga i andresjansen gjekk vidare til finalen, der totalt tolv bidrag tevla om sigeren. Tevlinga vart leia av Gina Dirawi, saman med Petra Mede i den fyrste semifinalen, Henrik Schyffert i den tredje semifinalen, Sarah Dawn Finer i den fjerde semifinalen, Peter Jöback og Ola Salo i andresjansen og William Spetz i finalen.[1] Charlotte Perrelli skulle opphavleg leie den andre semifinalen, men på grunn av ein avtale med mobilselskapet Comviq var dette eit brot på reglane til Sveriges Television.[2][3]

  1. «Gina Dirawi leder Melodifestivalen 2016» (på svensk). Dagens Nyheter. 17. november 2015. Henta 5. februar 2016. 
  2. «SVT i krismöte om Charlotte Perrelli» (på svensk). Aftonbladet. 2. februar 2016. Henta 5. februar 2016. 
  3. «Så blir Charlotte Perrellis nya roll i Melodifestivalen 2016» (på svensk). Sveriges Television. 3. februar 2016. Henta 5. februar 2016. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne