City of Memphis | |
---|---|
Kallenamn «The River City, The Bluff City» | |
Styresmakter | |
Land Stat County |
USA Tennessee Shelby County |
Grunnlagd | 1819 |
Borgarmeister | A C Wharton |
Geografi | |
Flatevidd | 845,184288, 839,164982 km² |
Flatevidd - By - Land - Vatn |
763.4 km² 723.4 km² 40.0 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2007) - folketettleik - Storbyområde |
674 028 898.6/km² 1 260 581 |
Koordinatar | 35°07′03″N 89°58′16″W / 35.11750°N 89.97111°W |
Høgd over havet | 103 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CST (UTC-6) CDT (UTC-5) |
Diverse anna | |
Telefon-retningsnummer | 901 |
Heimeside: http://www.memphistn.gov | |
Plassering | |
Plasseringa i Shelby County og staten Tennessee |
Memphis er ein by heilt sørvest i Tennessee i USA. Han er administrasjonssete i Shelby County. Memphis ligg ved Mississippielva like sør for munningen til Wolf River.
Byen har om lag 675 000 innbyggjarar og er den største byen i staten, den nest største i Søraust-USA og den 18. største i USA.
Storbyområdet rundt Memphis, som inkluderer fylke i Mississippi og Arkansas, har over 1,2 millionar innbyggjarar. Dette gjer Memphis til det nest største storbyområdet i Tennessee bak Nashville.
Memphis er den yngste av dei fire storbyane i Tennessee, Knoxville, Chattanooga og Nashville.