Menuha | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°39′26.99″N 34°46′39″E / 31.6574972°N 34.77750°E | ||
Folketal | 528 (2015) | ||
![]() Menuha 31°39′27″N 34°46′39″E / 31.657497222222°N 34.7775°E | |||
Wikimedia Commons: Menuha |
Menuha (hebraisk skrift מְנוּחָה) er ein moshav sør i det sentrale Israel, nokre kilometer nord for Kiryat Gat og sør for Kiryat Malakhi. Han er ein del av Lakhish regionale kommune.
Han vart grunnlagd i 1953 av immigrantar til Israel frå Kurdistan og Irak.
Denne busetnaden, saman med nabolandsbyen Nahla, er kalla opp etter bibelverset «Velsigna er Herren som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova.»[1] (1 Kong 8:56) og for Menuha VeNahala (hebraisk מנוחה ונחלה), organisasjonen som grunnla Rehovot. Menuha tyder «ro» på hebraisk.
Landsbyen vart grunnlagd på land som høyrte til den palestinske landsbyen Summeil, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948.[2]