Messierkatalogen

Oriontåka teikna av Charles Messier.

Messierkatalogen er ein astronomisk katalog over tåkeliknande objekt påbegynt av den franske astronomen Charles Messier.

Messier var ein kometjeger og starta på katalogen i 1758 for at han og andre kometjegarar ikkje skulle forveksla dei diffuse tåkeliknande objekta på nattehimmelen med ekte kometar.[1]

Katalogen inneheld 110 objekt med Messiernummer frå M1 til M110 . Han omfattar mellom anna gasståker, opne stjernehopar, planetariske tåker, kulehopar, galaksar og éi dobbeltstjerne.[1]

  1. 1,0 1,1 «NAS Ordliste» Arkivert 2006-05-11 ved Wayback Machine. - Institutt for teoretisk astrofysikk si nettordliste om Messierkatalogen

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne