Metatarsofalangealledda (articulationes metatarsophalangeae) er dei ledda som koplar mellomfotsknoklane i føtene til grunnfalangane i tærne. Det er ein type eggledd, det vil seie at dei er samansett av elliptiske eller runde leddflater (i mellomfotsknoklane), som sameinar med innoverkrumminga i grunnfalangane.
Volarplatene og kollateralligamenta utgjer leddbanda i desse ledda.
Ledda kan røre seg gjennom fleksjon, ekstensjon, adduksjon, abduksjon og sirkumduksjon.