Meteoritt

Månemeteoritten ALH81005
Marsmeteoritten ALH84001 inneheld formasjonar som nokre forskarar trur kan vere fossil.

Ein meteoritt er ein del av ein meteoroide frå verdsrommet som gått gjennom atmosfæren som ein meteor, og har falle ned på jordoverflata. Meteorittar består oftast av silikatmineral og ulike jarn-nikkel-legeringar eller kombinasjonar av desse. I Noreg er det til no offisielt kjent 13 meteorittar. Den 13. og siste var nedfallet av Moss-meteoritten den 14. juli 2006. Ein deler gjerne inn meteorittar i funn og fall.

I klassifiseringa av meteorittar skil ein mellom 1) steinmeteorittar, 2) stein-jarnmeteorittar og 3) jarnmeteorittar.

Steinmeteorittar deler ein igjen i såkalla kondrittar og akondrittar. Kondrittar er den klart mest vanlege meteoritt-typen, særleg av fall (ca. 90%). Det mest karakteristiske ved denne typen er at dei er bygd opp av såkalla kondrular, som er små kuler av særleg pyroksen- og olivin-mineral. Størrelsen av desse kan variere sterkt, med eit gjennomsnitt på ca. 1 mm, medan nokre kan vere over 1 cm. Dei har ikkje vore utsett for større endringar sidan dei vart til for om lag 4.55 milliardar år sidan, samtidig med at solsystemet vårt vart til. Det viser at det tidlege solsystemet var gjennom ei sannsynleg høgtemperatur-hending på minst ca. 1400 grader C, då mineralmaterialet i det tidlege solsystemet vart smelta til dropeform, som no altså er kondrulane i kondrittane.

Akondrittar liknar meir på jordiske vulkanske bergartar, då dei har vore utsett for såkalla differensiering dvs. smelting. Alle meteorittar frå Mars og Månen er akondrittar (litt over hundre stykke). Nesten alle meteorittar inneheld ein større del jarn, også fritt, bortsett frå akondrittane. Det ligg på rundt 20% for kondrittane og dette skil dei ut frå jordisk stein. Det varierer frå høgt til lågt jarninnhald gjennom dei tre typane av såkalla ordinære (vanlege) kondrittar; H, L og LL. Utanom dei ordinære kondrittane finst dei såkalla enstatitt-kondrittane og dei karbonhaldige kondrittane. Dei karbonhaldige kondrittane har vore omfatta med stor interesse då enkelte typar av dei inneheld aminosyrer og andre organiske byggestoff til liv, saman med ein mindre prosentdel karbon.

Det er til no funne ca. 40.000 meteorittar, dei fleste i Antarktis og tildels Sahara.

Når ein meteor av tilstrekkeleg storleik treffer landjorda, blir det danna eit krater.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne