Ein meteorograf er eit instrument som registrerer to eller fleire meteorologiske element, oftast trykk, temperatur og fukt. Tidlegare var instrumentet mykje nytta for å hente inn opplysningar frå høgare luftlag. Ein meteorograf vart send opp med fly, drake eller ballong og dei samanhøyrande verdiane av dei registrerte elementa kunne lesast av på eit meteorogram.