Michael Utley

Michael Utley
Fødd1947 (78 år)
FødestadBlytheville
FødenamnMichael Edward Utley
OpphavUSA
Instrumentorgel
Verka sommusikar, låtskrivar, musikkprodusent

Michael Utley (fødd i 1947), ofte berre kalla Mike Utley, er ein amerikansk musikar, låtskrivar og plateprodusent for Jimmy Buffett's Coral Reefer Band. Han er musikalsk leiar i bandet.

Tidleg i karrieren arbeidde Utley med husbandet til Atlantic Records i Criteria Studios i Miami for artistar som Aretha Franklin, Jerry Jeff Walker og Allman Brothers og i California spelte han med Rita Coolidge og Kris Kristofferson.

Jerry Jeff Walker rekrutterte Utley til å spele klaverinstrument på det første albumet til Buffett for eit større selskap, A White Sport Coat and a Pink Crustacean, i 1973. Utley heldt fram å arbeide med andre artistar i midten av 1970-åra, medan han spelte på dei påfølgjande albuma til Buffet fram til Changes in Latitudes, Changes in Attitudes i 1977, då han vart medlem av Coral Reefer Band for Buffett på fulltid.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne