Michael Brecker

Michael Brecker

Michael Brecker i juli 2004 under «Jazz for Kerry» på Manhattan.
Fødd29. mars 1949
FødestadCheltenham i Pennsylvania i USA
Død13. januar 2007 (57 år)
DødsstadNew York City i New York i USA
FødenamnMichael Leonard Brecker
OpphavUSA
Aktiv1969–2007
SjangerJazz, post-bop,[1][2] jazzfusion, funk, R&B, rock
Instrumenttenorsaksofon, EWI
Tilknytte artistarSteps Ahead, Miles Davis, Charles Mingus, Pat Metheny, Jaco Pastorius, Steely Dan, Todd Rundgren, Horace Silver, Chick Corea, James Taylor, John Abercrombie, Billy Cobham, Herbie Hancock, George Benson, Quincy Jones, Eddie Gomez, Elvin Jones, Joni Mitchell, Parliament-Funkadelic
PlateselskapImpulse!
Verka somsaksofonisten, komponist

Michael Leonard Brecker (29. mars 194913. januar 2007) var ein amerikansk jazz-saksofonisten og komponist. Han vart omtalt som «ein roleg, venleg musikar rekna som den viktigaste tenorsaksofonisten sidan John Coltrane»,[3] og vann 15 Grammy-prisar både som musikar og komponist. Han vart æresdoktor ved Berklee College of Music i 2004,[4] og vart innlemma i Down Beat Jazz Hall of Fame i 2007.

Med broren Randy Brecker studerte han ved Indiana University, før dei flytta til New York City og leia gruppene «Dreams» (1970-71) og Brecker Brothers (1975-82). Utover 80-talet spelte han med ei rekkje av dei leiande artistane i verda som James Taylor, Paul Simon og Joni Mitchell.

Den seinare tida (2001-) tok han del i turneen «Directions in Music» med Herbie Hancock piano, Roy Hargrove trompet, Brian Blade trommer og John Patitucci bass, dei gjesta Moldejazz 2002. Han gav ut Michael Brecker/Pat Metheny Special Quartet frå Kongsberg Jazzfestival (2000). Vidare var han hovudgjest ved Moldejazz 2003 der han innleidde eit lengre samarbeid med Farmers Market, og dessutan spelte med Urban Connection.

  1. «Michael Brecker 3/29/49 - 1/13/07 | Dusty Wright's Culture Catch». Culturecatch.com. 16. januar 2007. Arkivert frå originalen 1. april 2012. Henta 5. juli 2014. 
  2. «Retnings In Music – Michael Brecker/ Herbie Hancock/ Roy Hargrove | Jazzbo Notes». Webcache.googleusercontent.com. 9. juni 2012. Arkivert frå originalen 20. november 2012. Henta 5. juli 2014. 
  3. Gans, Charles J. (AP). «Saxophonist Completes Final Pilgrimage". The San Francisco Chronicle. mai 24, 2007. Henta 5. juli 2014.
  4. Small, Mark. «Saxophonist Michael Brecker—11-Time Grammy Winner, Session Player med Jazz and Pop Legends—to Welcome Entering Class, Accept Honorary Doctorate at Berklee College of Music Fall Convocation». Arkivert frå originalen 10. september 2006. Henta 22 august 2012. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne