Michael Nesmith

Michael Nesmith

Nesmith i Chiller Theatre Expo 2017
Fødd30. desember 1942(1942-12-30)
FødestadHouston i Texas i USA
Død10. desember 2021 (78 år)
DødsstadCarmel Valley Village
FødenamnRobert Michael Nesmith
Alias
  • Michael Blessing
  • Nez
  • Wool Hat
  • Papa Nez
OpphavUSA
AktivSidan 1965
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Verka som
MorBette Nesmith Graham
PrisarGrammy Award

Robert Michael Nesmith (30. desember 194210. desember 2021) var ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar, skodespelar, produsent, romanforfattar, forretningsmann og filantrop, mest kjend som medlem av poprockbandet The Monkees og stjerne i TV-serien The Monkees (1966–1968). Nesmith har skrive songar som «Different Drum» (sungen av Linda Ronstadt med Stone Poneys).

Etter at The Monkees vart oppløyst, fortsette Nesmith ein suksessrik karriere som låtskrivar og artist, først med countryrockgruppa First National Band, som han fekk ein topp 40-hit med, «Joanne», og sidan som soloartist. Han var kjend for å spele 12-strengsgitar, og spelte på ein spesialbygd 12-strengs elektrisk gitar med The Monkees (bygd av Gretsch) og forskjellige 12-strengs akustiske modellar etter Monkees-karrieren.

Han var leiande produsent for kultfilmen Repo Man (1984). I 1981 vann Nesmith den første Grammyprisen for årets video for det times lange fjernsynsshowet Elephant Parts.[1]

  1. «Past Winners Search». The GRAMMYs. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne