Michael Stipe

Michael Stipe

Michael Stipe (Foto: David Shankbone)
Fødd4. januar 1960
FødestadDecatur i Georgia i USA
FødenamnJohn Michael Stipe
OpphavUSA
Aktiv1980
SjangerAlternativ rock
InstrumentVokal, akkustisk gitar, munnspel
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarR.E.M.
Automatic Baby
Verka somSongar, låtskrivar, plateprodusent, filmprodusent, fjernsynsprodusent, sjefsprodusent

John Michael Stipe (fødd 4. januar 1960 i Decatur i Georgia i USA) er ein amerikansk songar som er vokalist i alternativ rock-bandet R.E.M.. Stipe er kjend for den «mumlande» stilen frå den tidlege karrieren sin, og for dei komplekse, surrelistiske songtekstane han har skrive, i tillegg til den sosiale og politiske aktivismen han har drive. Stipe er sjef for den visuelle utsjånaden til bandet, og er ofte den som vel ut motiv til albuma og regisserer musikkvideoane deira. Stipe arbeider også utanfor musikkbransjen, han driv mellom anna sine eigne filmselskap, C-00 og Single Cell Pictures.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne