![]() | |||
Utviklar | Microsoft | ||
---|---|---|---|
Nyaste versjon | 9 (28. september 2007)[1] | ||
Operativsystem | Microsoft Windows, Klassisk MacOS, MS-DOS, Mac OS | ||
Lisens | proprietær lisens | ||
Nettstad | http://www.microsoft.com/products/works/default.mspx |
Microsoft Works er ei kontorpakke utgjeven av Microsoft som er mindre, billigare og har færre funksjonar enn Office-pakka. Microsoft Works kjem med funksjonar som teksthandsaming, rekneark og database. Nyare versjonar av Works kjem dessutan med ein kalender. Works hadde fram til versjon 4.5a, ein monolittisk arkitektur der både rekneark, teksthandsaming og database gjekk føre seg i det same brukargrensesnittet. Dette gjorde at Works kravde lite bruk av minne og lagringsplass. Works 2000 (Versjon 5.0) og seinare utgåver kom med eit modulært grensesnitt. Versjonar merka "Works Suite" kom med ytterlegare programvare som Microsoft Money, Encarta, AutoRoute og Digital Image
I oktober 2009, annonserte Microsoft at det ikkje vert laga fleire utgåver av Microsoft Works. Frå 2010 vert Microsoft Works erstatta med Office Starter 2010 som vert tilgjengeleg berre for OEM som nedlasting for nye pc'ar.