Mikrofon er akustoelektrisk omformar som omformar lydtrykk til eit elektrisk signal[1]. Mikrofonar har ein membran som vert sett i rørsle når trykket varierer. Membranrørsla vert så konvertert til ei elektrisk spenning, enten ved hjelp av ein variabel kapasitans (kondensatormikrofon), ved hjelp av elektromagnetisk kopling (svingspole- og bandmikrofon), pizoelektrisk omforming eller optisk kopling (lasermikrofon).
Mikrofonar vert nytta til mange føremål, som opptak av tale og musikk i konsertsalar, på sener, i opptaks- og kringkastingsstudio, i samband med forsterkingsanlegg av tale i forsamlingslokale, i store i telefonrøyr og så bortetter. Eit anna bruksområde er laboratoriemålingar, måling av støy og så vidare. Desse bruksområda sett ulike krav til mikrofonane og det finst difor mange ulike mikrofontypar.