Military Road er eit lokalt namn for delar av vegen B6318 i Northumberland i England. Vegen går frå Heddon-on-the-Wall (54°59′51″N 1°47′34″W / 54.9974°N 1.7929°W) i aust til Greenhead (54°58′55″N 2°32′04″W / 54.9820°N 2.5344°W) i vest. Mykje av vegen går parallelt med den romerske Hadrianmuren, og store delar av han er bygde på grunnmuren til denne. Vegen er likevel ikkje ein romarveg, men ein veg bygd for å kunna transportera militære styrkar og utstyr mellom Newcastle og Carlisle.