Minneapolis | ||
---|---|---|
Kallenamn «City of Lakes, Mill City» | ||
Motto «En Avant» (Framover) | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Delstat | Minnesota | |
Fylke | Hennepin | |
Grunnlagd | 1867 | |
Geografi | ||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
153,3 km² 142,2 km² 9,1 km² | |
Innbyggjarar[1] - By (2010) - folketettleik - Storbyområde |
382 578 2 495,6 /km² 3 502 891 | |
Koordinatar | 44°58′48″N 93°15′50″W / 44.98000°N 93.26389°W | |
Høgd over havet | 264 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
CST (UTC-6) CDT (UTC-5) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 612 | |
Heimeside: www.ci.minneapolis.mn.us |
Minneapolis er ein by i den amerikanske delstaten Minnesota. Byen hadde 382 578 innbyggjarar i 2010 og er den største byen i Minnesota. Minneapolis ligg i det søraustlege hjørnet av Minnesota, langs elva Missisippi. Byen har namnet sitt frå indianarspråket dakota. Ordet «minne» tyder vatn, og dannar bynamnet sett saman med det greske ordet polis, by.
I dei seinare åra har Minneapolis vokse heilt saman med St. Paul, som er mindre, men hovudstad for delstaten. Ofte blir dette byområdet kalla Twin Cities, tvillingbyane. Minneapolis er den største byen i Minnesota og administrasjonsstad for Hennepin County. Byen grensar til Saint Paul, hovudstad i nest største by i Minneosta. Tvillingbyane utgjer det 15. største tettstadområdet i USA, med over 3 000 000 innbyggjarar.
Minneapolis vert rekna som en av de «norskaste» byane i USA, der eit stort tal norske immigrantar busette seg. Byen har ei norsk kyrkje Mindekirken med prest utsend frå Noreg. Kyrkja ligg sentralt i Minneapolis. Norsk-ætta amerikanarar feirar den norske grunnlovsdagen kvart år i ein av dei sentrale parkane i byen, Loring Park. Rett nok skjer feiringa ikkje alltid på 17. mai, men på den fridagen eller heilagdagen som kjem nærast.