Miocen er ein geologisk epoke i perioden neogen som strekkjer seg frå om lag 23,03 til 5,33 millionar år sidan. Som med andre geologiske periodar er berglaga som definerer starten og slutten på epoken veldefinerte, men dateringa er usikker. Miocen vart namngjeve av Sir Charles Lyell. Namnet kjem frå dei greske orda μείων (meion, tyder «mindre») og καινός (kainos, «ny») og tyder «mindre nyleg», fordi berre 18 % av moderne virvellause dyr i havet eksisterte. Miocen kjem etter oligocen og før pliocen. Miocen er den første epoken i neogen.
Jorda vart gradvis nedkjølt gjennom epoken. Grensene til miocen er ikkje alltid like enkle å identifisere, men epoken vert heller definert regionalt mellom den varmare oligocen og den kaldare pliocen.
Planter og dyr i miocen var forholdsvis moderne. Pattedyr og fuglar var godt etablerte, medan kvalar, selar og tang og tare spreidde seg.