Mirage Studioalbum av Fleetwood Mac | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. juni 1982 | |
Innspelt | 1981 – 1982 på Le Château i Hérouville i Frankrike, Larrabee Sound Studios (og) the Record Plant (begge i Los Angeles California) miksa i George Massenburg Labs i West Los Angeles | |
Sjanger | Poprock Adult contemporary | |
Lengd | 42:52 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Lindsey Buckingham, Richard Dashut, Fleetwood Mac | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
---|---|---|
Live (1980) |
Mirage | Tango in the Night (1987) |
Singlar frå Mirage | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | B+[2] |
Mirage er det 13. studioalbumet til Fleetwood Mac, gjeve ut 18. juni 1982.
Etter ein pause på over eitt år då den verdsomfattande Tusk-turneen var over, flytta bandet for ei stund til Château d'Hérouville i Frankrike for å spele inn dette albumet. På denne tida hadde Stevie Nicks og Lindsey Buckingham begge starta solokarrierane sine, Nicks med den storsuksessen Bella Donna i 1981 og Buckingham med Law and Order.
Med Mirage tok bandet ytterlegare eit steg mot radiovennleg softrock. Det stod i sterk kontrast til den meir eksperimentelle føregangaren Tusk frå 1979. Mirage gav dei fleire hitsinglar: «Hold Me» (som nådde fjerdeplassen i USA), «Love in Store» (22. plass i USA), «Oh Diane» (niandeplass i Storbritannia) og «Can't Go Back».
Stevie Nicks-songen «Gypsy» var den andre singelen frå albumet og kom i lag med ein lengre video, som skal ha vore den dyraste musikkvideoen som var produsert til då,[treng kjelde] regissert av Russell Mulcahy. Videoen var den første «World Premiere Video» på MTV i 1982.[treng kjelde] Singel- og albumversjonen av «Gypsy» varte 4:24, men ein fem og eit halvt minutt lang versjon vart opphavleg spelt inn og denne versjonen vart nytta for videoen. Den lange versjonen av songen vart først tilgjengeleg på CD i plateboksen 25 Years – The Chain.
Dei to andre songane til Nicks på albumet var «That's Alright», som gjekk attende til tida då ho song i duett med Buckingham i 1974, medan «Straight Back» vart skriven vinteren 1981 og handla om då ho enda forholdet til den dåverande kjærasten sin, produsenten Jimmy Iovine, og vanskane ho hadde med å gå attende til Fleetwood Mac etter den store suksessen ho nettopp hadde fått som soloartist. «Straight Back» vart ein radiohit i USA vinteren 1982.
Albumet låg 18 veker inne på topp 10 på albumlista i USA og selde til dobbel platina for to millionar selde eksemplar i USA.[3]. Dette var første gongen gruppa fekk eit album så høgt på albumlista sidan Rumours i 1977. Albumet låg fem veker på toppen av lista og nådde òg ein femteplass i Storbritannia, der det selde 300 000 eksemplar. Albumet nådde andreplassen i Australia.[treng kjelde]