Misgav regionale kommune | |||
regional kommune | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 32°51′N 35°15′E / 32.850°N 35.250°E | ||
Folketal | 22 000 | ||
![]() Misgav regionale kommune 32°51′N 35°15′E / 32.85°N 35.25°E | |||
Wikimedia Commons: Misgav Regional Council |
Misgav regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית משגב, Mo'atza Azorit Misgav) er ein regional kommune i Galilea nord i Israel. Kommunen har 22 000 innbyggjarar fordelt på 35 småbyar, hovudsakleg fellesbusetjingar, men òg fleire kibbutzim og moshavim. Innbyggjarane i 29 av desse er hovudsakleg jødiske, og i seks av dei beduinar. Regionen er kjend for jødiske og ikkje-jødiske samfunn som lever side om side.
Den administrative statusen regional kommune gjeld ikkje alle byane i det samanhengande geografiske området til kommunen. Dei fleste arabiske byane i regionen er ikkje ein del av den regionale kommunen, og vert rekna som eigne lokale kommunar. Heller ikkje Karmiel, ein by som ligg i hjartet av Misgav høyrer til den regionale kommunen. Folketalet i Karmiel aleine er meir enn dobbelt så høgt som i heile Misgav regionale kommune.