Modulvogntog

Typisk modulvogntog med lastebil som dreg semitrailer montert på dolly (type D).
Oversikt over ulike modulvogntogkombinasjonar. I Noreg er det primært D som er aktuelle, men også A og B er med i prøveordninga.

Modulvogntog er eit norsk omgrep for spesielle, ekstra lange og tunge vogntog som i utgangspunktet ikkje er tillatne på norske vegar. Frå 1. juni 2008 vart det starta ei prøveordning for modulvogntog med maksimal lengd på 25,25 m og med ein masse på inntil 60 tonn[1]. Modulvogntog kan førebels berre nyttast på spesielt godkjende vegar, men Statens vegvesen vurderer, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, ei utviding av vegnettet.

I Sverige kan ordinære vogntog ha ei lengd på opp til 25,25 m [2], men opp til 24 m om visse krav vert tilfredsstilte, og ein masse på opp til 60 tonn [3], men det vert gjort forsøk med modulvogntog med ei største lengd på 30 m og ein største masse på 90 tonn [4].

Andre europeiske land vurderer òg innføring av modulvogntog. Frankrike til dømes vurderer innføring av modulvogntog av same storleik som i Noreg [5].

  1. Oppdatert informasjon om prøveordning med modulvogntog, Vedlegg 1: Eksempler på aktuelle modulvogntog[daud lenkje], Statens vegvesen.
  2. Mått och vikt, Yrkestrafikken.se.
  3. Dimensioner, Yrkestrafikken.se.
  4. Längre timmerbil testas på vägar Arkivert 2011-11-16 ved Wayback Machine., Västerbottens-Kuriren, 9/12-2008.
  5. Qui a peur des méga-camions?, L'Express, 7/7-2009.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne