![]() | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2014 | |||||
Land | Montengro | ||||
Artist(ar) | Sergej Ćetković | ||||
Språk | Montenegrinsk | ||||
Komponist(ar) | Sergej Ćetković | ||||
Låtskrivar(ar) | Sergej Ćetković og Emina Jahović | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | 63 | ||||
Semifinaleplass | 7 | ||||
Finalepoeng | 37 | ||||
Finaleplass | 19 | ||||
Montenegro i Eurovision Song Contest | |||||
|
Moj svijet (montenegrinsk Мој свијет, montenegrinsk for 'Mi verd') er ein singel av Sergej Ćetković, gjeven ut 9. mars 2014. Songen er skriven av Sergej Ćetković og Emina Jahović.
I november 2013 vart Sergej Ćetković vald internt av Radio televizija Crne Gore til å representere Montenegro i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. 9. mars 2014 vart songen, «Moj svijet», presentert i eit fjernsynsprogram med både ein montenegrinsk og engelsk versjon. Det vart seinare stadfesta at den montenegrinske versjonen ville verte brukt i tevlinga. Den montenegrinske versjonen vart skriven av Sergej Ćetković og Emina Jahović.