Monte Corona er ein vulkan på Lanzarote i Kanariøyane, nær landsbyen Yé i kommunen Haría. Han hadde utbrot for om lag 4000 år sidan og dekte eit stort område nordaust på øya med lava og skapte Malpais de la Corona og to av dei mest vitja geologiske attraksjonane på øya, Cueva de los Verdes og Jameos del Agua.