Moody Blue av Elvis Presley

Moody Blue
Singel av Elvis Presley
frå albumet Moody Blue
B-side

«She Thinks I Still Care»

Språk engelsk
Utgjeve 29. november 1976
Innspelt 4. februar 1976
Sjanger Countryrock
Lengd 2:53
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Mark James
Produsent Felton Jarvis
Elvis Presley-kronologi 
«Hurt»
(1976)
Moody Blue «Way Down»
(1977)


«Moody Blue» er ein song gjort kjend av Elvis Presley. Songen vart skriven av Mark James,[1] som òg skreiv Presley-songen «Suspicious Minds». «Moody Blue» var den siste førsteplassen Presley fekk medan han levde, då songen toppa Billboard Hot Country Singles-lista i februar 1977.[2] «Moody Blue» nådde òg 31. plassen på Hot 100.[3] RCA Records gav òg ut ei særs avgrensa utgåve «Moody Blue» i ein eksperimentell, gjennomsiktig blå vinyl, med «She Thinks I Still Care» som B-side. Seks månader etter at «Moody Blue» toppa lista, var Presley gått bort.

Songen vart spelt inn i februar 1976 i Jungelrommet heime hos Presley i Graceland. Den einaste gongen Elvis framførte heile songen på konsert var 21. februar 1977 i Charlotte i Nord-Carolina. Han hadde prøvd å framføre songen 20. februar på same stad, men avslørte for publikum at han hadde gløymt teksten. 21. februar hadde han eit tekstark i handa. Begge utgåvene vart gjevne ut på «Follow That Dream»-utgåva av albumet Moody Blue.

  1. «Moody Blue». Allmusic. 21. juni 2007. 
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 273. 
  3. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 504. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne