Moonage Daydream

Moonage Daydream
Singel av Arnold Corns (David Bowie)
B-side

«Hang on to Yourself»

Språk engelsk
Utgjeve 7. mai 1971
Innspelt 25. februar 1971
Sjanger Kunstrock, glamrock
Lengd 3:52
Selskap B&C Records CB 149
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie
Arnold Corns (David Bowie)-kronologi 
«Holy Holy»
(1971)
Moonage Daydream «Changes» (1972)
Arnold Corns-kronologi
Moonage Daydream «Hang Onto Yourself»
(1972)


Moonage Daydream
Song av David Bowie
frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Utgjeve 16. juni 1972
Innspelt November 1971
Sjanger Glamrock
Lengd 4:37
Selskap RCA Records
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Ken Scott

«Moonage Daydream» er ein song skriven av David Bowie i 1971 og først gjeven ut som singel med bandet Arnold Corns. Ein nyinnspelt versjon kom i 1972 ut på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.

Songen fortel om eit messiasliknande romvesen og hintar om at lagnaden hans er å redde verda frå katastrofen i «Five Years», samt lagnaden som den ultimate «soul lover». I forhold til handlinga på albumet er dette ein av dei viktigaste songane som skildrar skapinga av Ziggy frå ein kombinasjon av religion, romanse, seksuell fridom, opprør og lidenskap. Han vert omvandla til den arketypiske rockestjerna.

Moonage Daydream: The Life and Times of Ziggy Stardust er tittelen på ei bok skriven av David Bowie, publisert i 2002 av Genesis Publications og kalla opp etter denne songen. Boka dokumenterer åra 1972-73 og var illustrert med bilete av Mick Rock. Bowie og Rock møttest i 1972 og starta å samarbeide og vart vener. Mick Rock vart slik den einaste autoriserte fotografen som fekk dekke den toårige karrieren til Ziggy Stardust.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne