Moses (latinMoyses, gjennom gresk frå hebraisk) eller Moshé (hebraiskמשֶׁה [mo:'še]), Mousa eller Musa (arabisk موسىٰ ['mūsā]), er ein av dei viktigaste personane både i jødedommen, kristendommen og islam. Han er framstilt som ein hebraisk frigjerar, leiar, lovgjevar, profet og historikar, rekna som frigjeraren til israelittane frå trældomen i Egypt og som leiaren deira den tida dei var i ørkenen.
Bibelen og dei bibelske tolkingstradisjonane seier at Moses levde ca. 1200 f.Kr., og livet og verket hans blir skildra frå 2. til 5. mosebok.