Moskusfe

Moskusfe
Moskusfe
Moskusfe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med låg risiko[1]Utbreiinga av moskusfe
Utbreiinga av moskusfe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Slekt: Ovibos
Art: Moskusfe O. moschatus
Vitskapleg namn
Ovibos moschatus

Moskusfe (Ovibos moschatus), òg kalla moskusokse og moskusku, er ein arktisk, sterktluktande jortar. I vår tid finst moskusfe naturleg i arktisk Nord-Amerika og på Grønland. Fram til siste istida fanst det òg moskusfe i Europa, og det finst i dag òg små flokkar etter utsette dyr i Noreg, Sverige og Sibir.

Arta stammar opphavleg frå Alaska, arktisk Canada og Grønland, men den har og blitt introdusert ei rekke andre stader, mellom desse Noreg. Det er gjort fossile funn av moskusdyr i Noreg som viser at arta eller ein stor nær slektning må ha levd naturleg her under siste istid, men han vert altså ikkje rekna som ei naturleg art her, sjølv om han er ønska og beskytta av myndigheitane.

Moskusfe er einaste art i slekta Ovibos og tilhøyrer oksefamilien (Bovidae). Arta er i nærare slekt med sau og geit enn med storfe[2].

  1. Moskusfe i Artsdatabanken. Besøkt 15. desember 2022.
  2. Østbye, Eivind; Schandy, Tom (28. november 2024). «moskus». Store norske leksikon (på norsk). 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne