Mostar

Mostar
Andre namn Мостар
Stari Most
Stari Most
Stari Most
Flagget til Mostar Kommunevåpenet til Mostar
Flagget til Mostar Kommunevåpenet til Mostar
Styresmakter
Land
Kanton
Bosnia-Hercegovina
Herzegovina-Neretva
Grunnlagd 1452
Geografi
Flatevidd 1 175 km²
Innbyggjarar
 - Kommune (2013)
 - Byområde

105 797[1]
60 195[1]
Koordinatar 43°20′37″N 17°48′27″E / 43.34361°N 17.80750°E / 43.34361; 17.80750
Høgd over havet 60 m
Tidssone UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: https://www.mostar.ba/
Plassering
Mostar is located in Bosnia-Hercegovina
Plasseringa av byen Mostar
Kommunen Mostar i kantonen Herzegovina-Neretva innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina

Mostar (bosnisk kyrillisk Мостар) er ein by[2] og ein kommune i kantonen Herzegovina-Neretva innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[3]

Byen er den femte største byen i landet, og er hovudsete i kantonen og ein uoffisiell hovudstad i den tradisjonelle regionen Hercegovina. I 2013 hadde kommunen 105 797 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 60 195.[1]

Etter Daytonavtalen vart byen Mostar og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Ein mindre del vart liggjande i Den bosniske serbarrepublikken som kommunen Istočni Mostar.

Mostar har fått namn etter den gamle brua Stari most over elva Neretva, og tårna på båe sider av elva, dei såkalla «bruvaktarane» (mostari). Den 9. november 1993 vart Stari most, som hadde stått sidan midten av 1500-talet, øydelagd av kroatiske styrkar. Etter krigen vart brua rekonstruert og opna att den 23. juli 2004.

  1. 1,0 1,1 1,2 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Popis
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet b531
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Dayton

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne